Hei og velkomen til sida vår om langhåra collie.
Til dagleg består familien vår av: Unn (meg), Rolf-Helge ( min mann),
våre to gutar (Truls på 12 år og Eirik Odin på 9 år) og våre tre hundar.

Innimellom er familien vår noko større då dei to eldste borna våre har flytta ut og stifta eigne familiar.
Iselin Cecilie (21) er sambuar med Øystein. Ho studerer ved universitetet i Bergen og stortrives der.
Trine - Lise (24) gifta seg med Jan Erik no i juli. Dei bur på Fitjar. Tilsaman har dei fire jenter: Maja (5), Thea (5), Anna (2) og Ella (1) og vesle Varg
Så når alle er samla heime blir me ein STOR familie :-)
Vår første Collie fekk me i 1990. Det var ei søt tispe som me kalla Maxime. Eit par år seinare overtok me ein stor hannhund - Kasjmir.
Kasjmir blei nesten 15 år. Det var tungt å miste dei og det tok fleire år før me fekk ny hund. I 2008 fekk me igjen hund i huset og det vart snart fleire.
Våren 2010 fekk me godkjent kennelnamnet vårt. Dersom du samlar dei blå bokstavane i teksten over, og rister dei saman, så ser du korleis namnet oppstod :-)
|